torsdag 8. september 2011

Enno fleire bryllupskort!

Eit av dei enkle bryllupskorta, som eg likar å laga. Måtte bruka turtelduearket, synest det passar så godt til anledningen! Bildet er henta på nettet. Sjølvhjartene er stempla og embossa, og så fann eg nokre perlehjarter i sakene, som og fekk plass. Raude roser! Perler! Sommarfuglar! Bryllup!
Eit bryllupskort i uvanleg farge? Kansje til papirbryllup, hi hi. Stempelet er stempla og embossa på naturfarga ark. Deretter reiv eg papiret rundt motivet. Blonden er metervare, og hjarta er punch frå Martha Stuart. Litt roser høyrer også med til bryllup!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar