fredag 25. november 2011

Strikkedilla :)

Her er ein av grunnane til at eg ikkje har så mykje tid til scrapping for tida. Har strikkedilla og produserer så fort eg berre kan. Denne uglegenseren laga eg til Maryam, og ho fekk den med tilhøyrande hue og sokkar, til 1 års dagen sin. Godt med ein varm og god ullgenser i barnehagen. Ellers går det i Selbuvottar, sokkar og skjerf i diverse mønster. Snart klar med alle julepresangane!

To enkle julekort!

Her har eg brukt kongleark og stempel frå Inkido. Ser ut som om det blir grønn jul i år:) Stempla på baksida av eit bazzil ark, og fargelagt treet med Distress Ink og svamp.
Eit bestillingskort i ei travel tid. Tilda med juletre, stempla på akvarellpapir, og fargelagt med tusjar og vannpensel. God jul stempel fra Inkido, maskerte og stempla i to omgangar, for å få plass på ovalen, som er kutta med Spellbinders. Ark fra Inkido.

Glitter og glans til Tora 9 år

Tora veit å setja pris på korta ho får hos meg. Ho likar nemleg godt å scrappa sjølv. No fyller tante si go'jenta 9 år, og lilla er ein av yndlingsfargane. Glitter er og noko som er viktig, synest Tora. Har fargelagt Tilda med stjerna, med tusjar på akvarellpapir og brukt vannpensel.
Hjarta er kutta med Spellbinders dies.

onsdag 9. november 2011

På tide med litt juleforberedelse!

Veldig kjekk å laga, enkle venninne gaver. Eg brukte ein konvolutt som godtepose. Og åpningen/tapen lot eg vera nede, slik at det går an å få ut innholdet uten å øydelegga gåva. Kan jo ikkje legga ned masse arbeid, og så risikera at det vert destruert med ein gong!
Det skjønne stempelet er Magnolia, stempla på akvarellark og fargelagt med vannpennsel og tusjar. Ark fra Inkido, snøkrystall er Spellbinders. Blonde borda er ein xcut punch. Likar den veldig godt, så den får vera med på diverse prosjekt :-).
Tekststempelet er frå ei plate, men eg er litt usikker på kva produsent. Har ein tendens til å gløyma slikt. Muligens frå North Star? Stempla på riven oval frå Spellbinders-