torsdag 19. november 2009

Scrappesamling sist helg!

Me var seks damer, fredag ettermiddag benka oss rundt borda på Leirvik skule.
Gledde oss til å spre rundt oss med ark og stæsj. Litt lite bordplass til kvar,
men det ordna seg. Golvplassen blei og tatt i bruk. Og eit par avlastnings
bord i bakkant, vips, så var me i det rette element!!!! Fantastisk kjekk helg.
Burde hatt ei slik kvar månad......

Det siste først. Dette var kortet eg avslutta helga med, og det er vel min
favoritt. Synest jo egentlig at julekorta godt kan vera raude, det er liksom
fargen som skapar stemninga...




Før helga hadde eg meg ein tur innom Narvesen. Der fann eg eit nytt blad, fra
Magnolia. Inni fann eg mal på dette skjønne fuglehuset. Så laurdagen satte me
igang med "snikring". Synest dei blei skjønne. Etterkvart var det mange av dei
andre som også måtte låna mal. Synd me ikkje fekk tatt bilde av alle fuglehusa
i lag...










To esker med plass til f.eks. to Troika. Fine småpresangar i førjulstida.
Tenkte eg sku overraska nokre gode vener.




Etter at eg kom heim, tok eg bort det runde stempelet eg hadde oppe til venstre, og
fekk inn litt blomster, vips, så fekk eg inn litt liv.




Desse tre siste korta solgte eg, så det var ikkje så mykje eg hadde med
meg heim, hi hi, ikkje så mykje å visa fram etter ei heil helg.

Denne engelen er eit bra bilde av alle dei skjønne ongane som
no gledar seg til jul!




Måtte jo prøva å bretta eit slikt juletre. Stempelet er embossa.




Dette strevde eg med!!! Hadde satt meg eit mål for helga, og det var å få
brukt spellbindersborda, som du ser nederst. Ikkje lett!, men eg fann ei
løysing til slutt :-)

tirsdag 10. november 2009

Tora 7 år

Dette laga eg til den go'a jento vår. Tenk no er ho sju år!
Ho likar rosa, lilla og alt som gliltrar! Gratulerar med dagen
vennen vår. Du er jo flink til å scrappa sjølv du.

Kort t Mamma

Tante Oslaug bestilte eit kort som dei ville gi til mamma. Berre eit
kriterie: det måtte vera veldig fint. Hm, alltid spennande å sjå om
det eg har laga fell i smak. Brukte eit heilt nytt ark, som eg har
fått, My minds eye, Life Stories "roses". Berre eit ord å sei om det:
Vakkert! Gler meg til å ta det i bruk. Her er første gang:



Heldigvis så vart tante fornøyd!

Slik vart innsida. Med plass til å skriva ei lita helsing og
eit lite felt til å skriva navna. Sløyfa er laga med tanke på ein
seddel som er rulla saman.

onsdag 4. november 2009

65 årsdag i Spania.

Mamma fylte 65 år den 28. oktober. Dagen feira ho i Spania. Synest det var litt
domt å ikkje få vera der, så eg bestilte meg tur, og kom på overraskingsbesøk.
Heilt topp! God varme både på land og i sjøen. Blei tid til både soling og bading!
Her er kortet eg laga til ho, måtte "stjela" fotoalbumen til mamma og scanna innpå bildet der ho er ca 2 år.




To nye The-boksar, bestilling

Fekk bestilling på to the-boksar. To kollegaer som skal få ei overrasking. Koselig å
få sånne ordrar. Kjekt å laga, og mens eg held på, så tenker på personen som skal få gåva. Prøver å finna fargar som fell i smak hos den enkelte. Denne er til ei som eg eigentlig ikkje kjenner så godt. Men ho er alltid smilande og blid, tenkte eg fekk prøva med lyse fargar.









Denne er til ei sporty dame som likar fargar! Og så går det mykje i KTM, så då
måtte det bli litt oransje! På loket har eg skjært ut namna deira, så det ikkje er
tvil om kven som er den drikkande part!