fredag 22. juli 2011

Romantikk i lufta

Dette bryllupskortet fekk eg ideen til etter å ha bladd i Ett trykk.
Borda på den raude ramma har eg laga ved help av ein punchar, ikkje så lett
å få hjørna fine.



Brukte eit gammalt stemel som eg embossa. Perlene var frå ein rull eg har kjøpt på Nille.














Innsida gjorde eg enkel. Brukte samme ark som på framsida.Hertene er puncha ut. Og ja, eg burde snudd bildet. :)

onsdag 20. juli 2011

Perfekt scrappesommar :)

Eg har ikkje tatt heilt ferie, men da har visst PC'n min :(
Ikkje kan eg styra pilo med fingrane og ikkje virkar tastaturet!
Så no må eg bruka ekstern pil og skjermtastatur, veldig tidkrevande
og tungvint! Men eg skal gjer eit forsøk :)



Det er sesong for bryllup, så det er stort sett bryllupskort eg har laga. Bilde har eg
funne på nettet og printa ut på 170 gr. ark. Rundt den lilla kanten har eg brukt border punch, var heldig med hjørnene.