lørdag 6. mars 2010

Onkel fyller 75 år!

Mamma ynskte seg eit kort til bror sin, som no blir 75!
I fotoalbumet hennar fann eg eit bilete som er teke for ein del år sidan, synest
det var koselig å bruka det!



Og slik vart innsida. Litt bilder her og:-)Synd eg gløymde å beskjæra bileta. Men no
giddar eg ikkje å gjera det om i gjen.

onsdag 3. mars 2010

Tre kort som eg laga på treffet!


Me har hatt ein fantastisk fine vinter, som gjerne må vara litt lenger, så går me rett over til ein fin vår, og hoppar over alt regnet.... Gler meg litt til våren, og synest at då var det kjekt med eit påskekort. Stempelet kjøpte eg på treffet.



Dette kattestempelet fann eg i stempelboksen min, ferdig fargelagt. Supert når du er litt lei av fargelegging. Så var det jo eit stort pluss at fargane passa til dei nye papira eg hadde kjøpt meg.




Her begynte eg med fargane på kortet, og så blei det ei utfordring med å finna eit stempel som passa til. Synest det passa bra med giraffen, som eg fekk låna av Hege!
Som du ser av fargane, (distress) så lever denne giraffen under ekstreme solforhold, derfor har den så klare sterke fargar:-))