torsdag 23. juli 2009

Broder'n har bestilt eit mannekort! Hjelp!

Anders ringte meg i går og lurte på om eg hadde nåken kort på lager, da har eg jo alltid, men ikkje eit mannekort. Så her var det berre å setja igang. Karen fyller 50 og kjører traktor, men bondestempel er det dårlig med hos meg. Så eg måtte finna på nåko anna. Ute var det regnbyger, så da va fint ver ute til å vera inne i. Koste meg til langt på kveld, og fortsatte i dag. Kose, kose, endelig... Tenkte eg sku laga 3 kort, slik at han kunne velga kva som passa best. Her er det første: ein 50 åring trenar vel, og kjører stilig bil?

veldig enkel innside.

Kort nr. 2 Slik trur eg at ein på 50 tilbringer tida si.... tida vil vel visa om eg har rett. Litt vanskelig å laga eit mandig kort. Måtte ha ein blom til å fylla ut med. Men eg er sikker på at denne mannen likar blomster!

Ein liten detalj frå kortet. Når du flyttar på tekstskiltet, kjem alderen fram!

Men dette, 3. og siste kortet blir nok det han velger, trur eg. Han er jo hanen i flokken sjølv, her kjenner han seg kansje igjen, (hi, hi).

Og slik vart innsida, med eit haneportrett på venstre sida:-)

Kort til svigermor!

Svigermor har bursdag 25.juli, og me pleier å besøka henne den dagen. Har som regel ferie på den tida, og ho blir så glad for besøk. Laga dette kortet, rosa er yndlingsfargen hennar. Kan ikkje sei at eg vart heilt fornøyd, kansje eg må fiksa litt på det?

Men etter at eg hadde laga dette kortet, som eg vart så fornøyd med, så ombestemte eg meg. Dette blir bursdagskortet til Svigermor.

Her ser du innsida. Fargane på bildet er berre heilt feil altså!