søndag 5. april 2009

Kort i litt andre fargar



sjeldan eg brukar raudt. Men eg berre måtte ha noko nytt. stempel er Magnolia. Hadde laga eit med gut på, det var i samme stil men der var det grønn kontrastfarge. Søster mi stakk av med det. Ho ville bruka det som mal:-)

Gutakort



Gutakort nesten uten blomster:-), men da va visst på utsida. Kjempesøtt stempel fra Hänglar. Inni kortet er det laga to konvoluttar til å putta f.eks pengar i

Kristine 23 år



Her er eit kort som eg har brukt ein litt spennande teknikk på. Det er Hege som tok seg tid til å læra meg. Først stemplar du tekst over heile arket. (eg har brukt fødselsdag) Så skitnar du til rundt kantane, så stemplar du ei bord rundt kanten. Til slutt er det embossa blomster i klar farge over det heile. Ordentling stilig, men det kjem ikkje så godt fram på bildet. På det svarte på innsida, er det også embossa blomster i klar farge. Kortet er til tantebarnet vårt, Kristine, ho er 23 år i dag! Gratulerar!

Fødselsdagskort



Typisk jentekort. Med Tilda stempel og litt rive kantar.

Fleire konfirmasjonskort



Z-kort til Konfirmant i to forskjellige fargar. Samme utforminga inni. Har heilt fått dilla på desse Z-korta. Dei er så kjekke å laga. Mønsterark frå Nille

Tid for Konfirmasjonskort



Her er eit utvalg konfirmantkort laga som seddelbok. Inni er det to lommer, til tag eller seddel. Lukkeflippen hen igjen med borrelås.