søndag 24. mai 2009

Dorullkort



Søster mi fyller 37 på tirsdag, og eg berre måtte laga eit dorullkort til ho. Ikkje for at eg samanliknar, men. . . .:-), ho har ikkje sett slike kort før!
Sånn blei resultatet, med ein tag inni.

onsdag 13. mai 2009

"Hemmelig" venn?

Her ser du oppå lokket. Synest Sauer er ålraite dyr eg!

På jobben i Barnehagen kosar eg meg. Flotte vener som strekker seg langt. Då er det kjekt å overasska innimellom. Denne gangen var det min venn Monica sin tur. Ho er Chips o hoilikar:-). Kledde ein Pringels boks med Bazzil arl og pynta med Sauer, som eg kutta ut med Wizzard'en. Litt blomster vart det og plass til på enga. Kjekt å gleda andre.

Kine 16 år



Det er ikkje alltid ongane mine kjem på at dei skulle hatt med seg eit kort når dei skal i bursdag. Og veldig ofte er det eg som blir sitjande å laga dei. Kan vel sei at det ikkje gjer så veldig mykje om eg må leggja til side alt anna for å laga ei helsing til jubilanten. For tida er det jo Z-kort eg har laga. Dette er pynta med eit Hënglar stempel. Litt blomster må jo også til. På Nille har eg handla rullar med 2 lag bånd og eit lag med pynt. desse deler eg opp og brukar på korta, som her. ei sløyfe, litt perler og ein sommarfugl. På innsida av kortet har eg laga ein hyssing som pengeseddelen kan festast i. Og vips, Gratulerar med dagen Kine!

Fotballstjerna vår!




Våren er tida for fotballspel. Linda og Knut-Ove gledar seg til trening. Trur nok Molly og likar ballspelet. Litt problem når ho skal vera med og sjå på framtidige kampar.....

Levande mosefjernar!


I April oppdaga me ein ny mosefjernar i hagen. Molly tok oppgåva, og ho gjorde den ordentlig og. Det er berre det at ho byrjar å bli veldig langpelsa no. Kan vel trygt sei at golva inne i huset er fulle av mose dei og!

Kurs i Sandnes

Mandag morgon kl 0515, var forventnigane store. Eg og Hege skulle til Sandnes på kurs.
Me freste avgårde i den vesle corsa'en. Scrapbookengros var målet. Ikkje ofta me reiser ut frå øya, men eg hadde fått printa ut reiserute, så me rekna ikkje med at det skulle bli noko problem å finna vegen. Heilt til me var i Sandnes, rundkøyringane var ikkje merka med nummer! Hjelp, mange kjekke menn som ikkje visste kor Gravarvegen var, me raste rundt i 40 minutt, før me tok tlf. Då viste det seg at me stod rett uttafor bygget, flaks! Jammen er me flinke. Det var ein kjempekjekke dag, med mykje latter!
Spesielt etter at me hadde vore på Ikea, alle damer må jo innom der. Me suste igjennom rundkøyringane så tårene spruta, Hege er nemlig skikkelig redd for rundkøyringar:-)
I alle fall; me fekk lera mykje på kurset, og så fekk me handla og ikkje minst TA på varene først. Masse fine scrappeting i butikken no! Me reiser gjerne tilbake!

Her er dei tre tag'ane me laga. Tre forskjellige teknikkar. skulle eigentlig binda dei saman til slutt, men då reslultatet gjerne skulle vore litt bedre, ventar me med det.
No veit me korleis det skal gjerast, og kan nok jobba mange timar med dette!

Me fekk og laga eit tredimensjonalt kakekort, eller boks - om du vil. Litt vanskelig å få rett intrykk av bildet. Blomsten, som pyntar kaka, satte me saman av fleire lag. Pynta med glitterlim og dekorerte med svamp, merkelig når du er på kurs, blir helst kopiering, synest det er vanskelig å lausriva seg. Kakeboksen vart lukka med ei sløyfe, me diskuterte litt om det kunne finnast ein enklare måte, slik at det vart lettare å få opna og lukka den, men me kom ikkje fram til noko bedre resultat