Molly's kreative
mandag 9. januar 2012
Avsluttar med resten av bilder frå fjoråret!
Eit bestillingskort til ei dame som elskar å fiska! Eg valgte lilla ark frå Heritage small florall serien/ fabscraps- elskar desse arka!
Så eit kort til min nevø, han har mange interesser! Fisking, gitarspeling, sjø og båtliv, litt mekking osb. Fargane var ikkje heilt korrekte på bildet. Skulle vore knall orange!
Så eit bestillingskort til ei flott dame som likar å reisa! Her har eg brukt ark frå fabscraps - timeles travel stamp serien. Kosar meg med desse arka!
Enno eit bestillingskort. Dette var til pappaen min, som fylte 70 år rett før jul! Bildet vart tatt i påska, på hytta. Han er avhengig av sine daglege køyreturar, så bilen måtte sjølvsagt vera med :)
Dette kortet laga eg til ein tidlegare arbeidskollega, me hadde det flott ilag. Ho er vanlegvis ei smilande dame, bildet er tatt på min 40 års dag, då eg arrangerte bad taste party ;)
Dåpskort til ei lita jente. Vart bestilt i julestria, og jammen var det godt å få setja seg ned og gjera noko anna!
Til slutt eit bestillingskort til eit gullbryllupspar! Brukte Spellbinders til å kutta ut hjartene med. Siden dei har halde ut så lenge med kvarandere - vart det eit hjartekort med hjartetag :) Papir er frå Inkido, Is this Love?
Då seier eg meg ferdig med 2011 og går over på 2012. Er visst ein del kort eg ikkje har rukke å dela med dykk, men det vert vel mange nye.... :)
Nytt år nye sjansar!
Ser på bloggen og tenker, hjelp, kor vart alle julekorta av?? Kan ikkje skryta og sei det vart mange eg laga i 2011. Men nokre få vart det no. Dei aller fleste vart solgt. Før jul var det travelt i butikken, og overskuddet var ikkje det store, men nytt år nye muligheter! Håpar det vert eit år med mange nye innlegg i bloggen.....
Her er eit av julekorta damene i klubben fekk. Fann desse skjønne sjokoladane på Nille, og berre måtte ha dei. Problema dukka opp då eg skulle ta dei i bruk - på korta :)
Ark frå Inkido, og snøkrystallen er ei Spellbinders dies. God Jul stempelet er frå Kreativ Hobby, og eg har lagt eit lag med glossy accent over.
Her er alle fire korta, ikkje heilt like - måtte jo nytta arka maksimalt!
fredag 25. november 2011
Strikkedilla :)
Her er ein av grunnane til at eg ikkje har så mykje tid til scrapping for tida. Har strikkedilla og produserer så fort eg berre kan. Denne uglegenseren laga eg til Maryam, og ho fekk den med tilhøyrande hue og sokkar, til 1 års dagen sin.
Godt med ein varm og god ullgenser i barnehagen. Ellers går det i Selbuvottar, sokkar og skjerf i diverse mønster. Snart klar med alle julepresangane!
To enkle julekort!
Her har eg brukt kongleark og stempel frå Inkido. Ser ut som om det blir grønn jul i år:)
Stempla på baksida av eit bazzil ark, og fargelagt treet med Distress Ink og svamp.
Eit bestillingskort i ei travel tid. Tilda med juletre, stempla på akvarellpapir, og fargelagt med tusjar og vannpensel.
God jul stempel fra Inkido, maskerte og stempla i to omgangar, for å få plass på ovalen, som er kutta med Spellbinders.
Ark fra Inkido.
Glitter og glans til Tora 9 år
Tora veit å setja pris på korta ho får hos meg. Ho likar nemleg godt å scrappa sjølv. No fyller tante si go'jenta 9 år, og lilla er ein av yndlingsfargane. Glitter er og noko som er viktig, synest Tora. Har fargelagt Tilda med stjerna, med tusjar på akvarellpapir og brukt vannpensel.
Hjarta er kutta med Spellbinders dies.
onsdag 9. november 2011
På tide med litt juleforberedelse!
Veldig kjekk å laga, enkle venninne gaver. Eg brukte ein konvolutt som godtepose. Og åpningen/tapen lot eg vera nede, slik at det går an å få ut innholdet uten å øydelegga gåva. Kan jo ikkje legga ned masse arbeid, og så risikera at det vert destruert med ein gong!
Det skjønne stempelet er Magnolia, stempla på akvarellark og fargelagt med vannpennsel og tusjar. Ark fra Inkido, snøkrystall er Spellbinders. Blonde borda er ein xcut punch. Likar den veldig godt, så den får vera med på diverse prosjekt :-).
Tekststempelet er frå ei plate, men eg er litt usikker på kva produsent. Har ein tendens til å gløyma slikt. Muligens frå North Star?
Stempla på riven oval frå Spellbinders-
fredag 21. oktober 2011
Kort til ei som vart 40!
Var inspirert etter å ha surfa innom forskjellige bloggar. Fann ut at spellbindersdiesene mine var litt små, så scallop og rundingar er skore ut med Cricut. Dei skjønne arka er fra Inkido "Is this love?". Har gleda meg til å ta dei i bruk, men det har vore litt travelt i det siste. Arka er dobbeltsidige - så eg har brukt to forskjellige.
Inni hadde eg laga ein rund "tag" der eg stempla med stempel frå Kreativ Hobby, på baksida var det litt plass til ei helsing. Sommarfuglen er ein MS punch.
Brukte Ilet til å festa ei hempe på tag'en.
Det var to jubilantar, mi veninne og hennar mann. Eg hadde sydd ein tunika til ho, og så vart det ei flaske vin til han. Laga ein matchande tag, som eg festa rundt halsen på vinflaska. (tredde eit bånd gjennom hempa)-
Trur stempelet Vintekst er frå Kreativ Hobby, men eg er ikkje sikker. Litt pynt måtte til på vinTagen og.
Abonner på:
Innlegg (Atom)