mandag 9. januar 2012

Nytt år nye sjansar!

Ser på bloggen og tenker, hjelp, kor vart alle julekorta av?? Kan ikkje skryta og sei det vart mange eg laga i 2011. Men nokre få vart det no. Dei aller fleste vart solgt. Før jul var det travelt i butikken, og overskuddet var ikkje det store, men nytt år nye muligheter! Håpar det vert eit år med mange nye innlegg i bloggen..... Her er eit av julekorta damene i klubben fekk. Fann desse skjønne sjokoladane på Nille, og berre måtte ha dei. Problema dukka opp då eg skulle ta dei i bruk - på korta :) Ark frå Inkido, og snøkrystallen er ei Spellbinders dies. God Jul stempelet er frå Kreativ Hobby, og eg har lagt eit lag med glossy accent over.
Her er alle fire korta, ikkje heilt like - måtte jo nytta arka maksimalt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar