fredag 21. oktober 2011

Kort til ei som vart 40!

Var inspirert etter å ha surfa innom forskjellige bloggar. Fann ut at spellbindersdiesene mine var litt små, så scallop og rundingar er skore ut med Cricut. Dei skjønne arka er fra Inkido "Is this love?". Har gleda meg til å ta dei i bruk, men det har vore litt travelt i det siste. Arka er dobbeltsidige - så eg har brukt to forskjellige.
Inni hadde eg laga ein rund "tag" der eg stempla med stempel frå Kreativ Hobby, på baksida var det litt plass til ei helsing. Sommarfuglen er ein MS punch.
Brukte Ilet til å festa ei hempe på tag'en.
Det var to jubilantar, mi veninne og hennar mann. Eg hadde sydd ein tunika til ho, og så vart det ei flaske vin til han. Laga ein matchande tag, som eg festa rundt halsen på vinflaska. (tredde eit bånd gjennom hempa)-
Trur stempelet Vintekst er frå Kreativ Hobby, men eg er ikkje sikker. Litt pynt måtte til på vinTagen og.

1 kommentar:

  1. Nyyyyydelig kort Ingrid!
    Artig fasong på kortet. Har dei fine arkene eg òg, men drive fremdeles å "klappa" på dei ;-) Må nok ta dei i bruk snart, før dei blir for gamle....

    Ha ei fin og snøfri helg!
    Komme innom ein tur i neste veke.
    Klem Mona :-)

    SvarSlett