onsdag 3. mars 2010

Tre kort som eg laga på treffet!


Me har hatt ein fantastisk fine vinter, som gjerne må vara litt lenger, så går me rett over til ein fin vår, og hoppar over alt regnet.... Gler meg litt til våren, og synest at då var det kjekt med eit påskekort. Stempelet kjøpte eg på treffet.



Dette kattestempelet fann eg i stempelboksen min, ferdig fargelagt. Supert når du er litt lei av fargelegging. Så var det jo eit stort pluss at fargane passa til dei nye papira eg hadde kjøpt meg.




Her begynte eg med fargane på kortet, og så blei det ei utfordring med å finna eit stempel som passa til. Synest det passa bra med giraffen, som eg fekk låna av Hege!
Som du ser av fargane, (distress) så lever denne giraffen under ekstreme solforhold, derfor har den så klare sterke fargar:-))

2 kommentarer:

  1. Hei!!
    Knallstilige kort du har laga!!
    Giraffen blei jo skikkelig kul. Har den eg òg, men har ikkje fargalagt han enno..
    No må me sjå te å samlast att!! :-D
    Ha ein strååålande onsdag!
    Klem fra Mona :-)

    SvarSlett
  2. Stilige kort, kjekt å komme i lag å lage kort.

    SvarSlett