torsdag 25. juni 2009

Inspirasjon i sommarvarmen:-)





Hobbyen med stor H kviler ikkje sjølv om da e varmt. Det er lurt å ta ein pause frå sola! I år har eg og forbud mot å sola meg, og kva er vel då betre enn å vera litt kreativ? Som du ser, er kvart kort i ein farge (kallast vel monokromatisk?). Stempelet er frå Art imp. Blomstermønsteret er embossa med Spellbinders Impressabilities, dei er så kjekke å jobba med! etterpå har eg brukt Stempelputa til å legga farge på. Berre drog den over mønsteret. Tekststempelet er eg ikkje sikker på kvar eg har kjøpt. Litt av blomstrane er farga med Glimmer mist, Latte. Då eg først var i gang, laga eg like godt fire kort, men i forskjellige fargar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar