onsdag 13. mai 2009

Kurs i Sandnes

Mandag morgon kl 0515, var forventnigane store. Eg og Hege skulle til Sandnes på kurs.
Me freste avgårde i den vesle corsa'en. Scrapbookengros var målet. Ikkje ofta me reiser ut frå øya, men eg hadde fått printa ut reiserute, så me rekna ikkje med at det skulle bli noko problem å finna vegen. Heilt til me var i Sandnes, rundkøyringane var ikkje merka med nummer! Hjelp, mange kjekke menn som ikkje visste kor Gravarvegen var, me raste rundt i 40 minutt, før me tok tlf. Då viste det seg at me stod rett uttafor bygget, flaks! Jammen er me flinke. Det var ein kjempekjekke dag, med mykje latter!
Spesielt etter at me hadde vore på Ikea, alle damer må jo innom der. Me suste igjennom rundkøyringane så tårene spruta, Hege er nemlig skikkelig redd for rundkøyringar:-)
I alle fall; me fekk lera mykje på kurset, og så fekk me handla og ikkje minst TA på varene først. Masse fine scrappeting i butikken no! Me reiser gjerne tilbake!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar