onsdag 30. desember 2009

Siste kort i år?

Onkel Kasper fyller 75 år på nyttårsafta. Då passar det
bra å la favorittoldisen få gratulera han! Og sidan det er
slikt eit fantastisk flott vinterver, så brukte eg
litt vinterpapir og snøkrystallar.

Eit bestillingskort i romjula

Når tante ringer og lurar på om eg kan laga eit kort til dagen etter, må
eg jo svara ja, når jubilanten har slikt eit fint namn:)

torsdag 17. desember 2009

Det er vel på tide å få dei sendt.......?

Heisann, snart jul, men eg har fått laga ein del kort likavel. Ei veka med intens
hoste, så det var ikkje så mykje anna eg kunne gjer. Så for PC'n på tur og kom igjen med kabel skade, så eg har ikkje fått lagt dei ut. Her er nokre. Dei fleste er fargelagt med distress.













fredag 4. desember 2009

Kort til ei tanntekniker dame!

Her er resultatet av ei bestilling. Skulle laga kort til ei fantastisk, trivelig og
sprudlande dame. Men det måtte vera litt tenner, for ho hadde 20 års jubileum i tanntekniker faget. Dessverre, ingen av mine stempel viser tenner, men kva gjer ein for gode venner? Etter litt googling kom ideen. Kjekk utfordring å få;-) Takk Trude!

Midt i julekortproduksjon, men 80 åringar må jo feirast!

Halloen!

Har ikkje vore i dvale, berre hatt da litt travelt. Kom heim i går kveld, etter 5 dagar i Spania - ikkje den varme delen. Denne gang var det litt lenger nord. Hospitering - gjennom Comenius samarbeid i barnehagen. Me var 3 damer frå Norge og 2 damer fra Tyskland. Fantastisk interessant!!!!!

Her er eit kort eg laga før eg reiste. Kan jo ikkje la vera å feira så staselege
dagar, sjølv om det snart er jul og det er 1000 ting eg har lyst til!



Innsida

torsdag 19. november 2009

Scrappesamling sist helg!

Me var seks damer, fredag ettermiddag benka oss rundt borda på Leirvik skule.
Gledde oss til å spre rundt oss med ark og stæsj. Litt lite bordplass til kvar,
men det ordna seg. Golvplassen blei og tatt i bruk. Og eit par avlastnings
bord i bakkant, vips, så var me i det rette element!!!! Fantastisk kjekk helg.
Burde hatt ei slik kvar månad......

Det siste først. Dette var kortet eg avslutta helga med, og det er vel min
favoritt. Synest jo egentlig at julekorta godt kan vera raude, det er liksom
fargen som skapar stemninga...




Før helga hadde eg meg ein tur innom Narvesen. Der fann eg eit nytt blad, fra
Magnolia. Inni fann eg mal på dette skjønne fuglehuset. Så laurdagen satte me
igang med "snikring". Synest dei blei skjønne. Etterkvart var det mange av dei
andre som også måtte låna mal. Synd me ikkje fekk tatt bilde av alle fuglehusa
i lag...










To esker med plass til f.eks. to Troika. Fine småpresangar i førjulstida.
Tenkte eg sku overraska nokre gode vener.




Etter at eg kom heim, tok eg bort det runde stempelet eg hadde oppe til venstre, og
fekk inn litt blomster, vips, så fekk eg inn litt liv.




Desse tre siste korta solgte eg, så det var ikkje så mykje eg hadde med
meg heim, hi hi, ikkje så mykje å visa fram etter ei heil helg.

Denne engelen er eit bra bilde av alle dei skjønne ongane som
no gledar seg til jul!




Måtte jo prøva å bretta eit slikt juletre. Stempelet er embossa.




Dette strevde eg med!!! Hadde satt meg eit mål for helga, og det var å få
brukt spellbindersborda, som du ser nederst. Ikkje lett!, men eg fann ei
løysing til slutt :-)

tirsdag 10. november 2009

Tora 7 år

Dette laga eg til den go'a jento vår. Tenk no er ho sju år!
Ho likar rosa, lilla og alt som gliltrar! Gratulerar med dagen
vennen vår. Du er jo flink til å scrappa sjølv du.