onsdag 30. september 2009

Eit pop opp julakort

I desse dagar måtte da jo bli eit snømannkort når eg skulle
prøva ut denne teknikken. Var jo kjempelett! Og kjekt å laga.



Slik blir det når du dreg i tag'en, då reiser snømannen seg opp og er klar for elt som måtte skje...







Her er baksida.

Første julekort!

Synest dette kristtorn arket er så fint. Måtte laga noko enkelt som ikkje gøymer mønsteret, derfor vart det dette kortet med tag.



Og her ser du den enkle tag'en. Skjært ut med Cricut, den er så fin i enden synest eg.

søndag 27. september 2009

To blomsterkort

Her begynte eg med dekor arket, Laura Ashley. Mange vakre ark. Prøvde med fleire forskjellige motiv. Enda opp med dette, faktisk heilt nytt! Sjeldan eg har så mange blomstrar på eit kort, men det blir jo eit blikkfang.




Her ser du stempelet, eg synest det er så koselig.




Måtte jo blir litt blomar inni også. Så synest eg det passa med stempelet: Du fortjener en blomst.




Her er varianten til den eldste jenta mi, ikkje ofte ho set seg ned og lagar kort. Oftast er det eg som lagar for henne, men ho klarar det jo sjølv. Denne gangen hadde ho lyst til å overraska veninna si som endelig blir 18.

Gutekort laga av gut!

Guten min skal i bursdag til ein klassekamerat. Han kjeda seg i dag, sikkert pga da fantastisk stabila regnveret! Trur ikkje da har vore opphald i dag! Men me fekk no laga kort då, så slepp me å kava i siste sekund denne gangen. Han har gjort det meste av jobben sjølv. Resultatet blei eit enkelt og reint kort, synest no eg.




Her er innsida. Med plass til å skriva ei helsing, og ein konvolutt til pengar.

Ein kreativ dag!

Her er resultatet av laurdagens jobbing. Me var tre stk som koste oss i bedehuset. Det er ein god plass for inspirasjon! Jentene mine var også innom, så det tok litt tid før eg kom ordentlig i gang.
Me skal i selskap til tre damer som blir 120 år, og målet for denne dagen var å få laga kort til dei. Alle tre bur på gård, så eg synest det passa bra med høner:-) Var litt usikker på fargevalg, starta med grønn, var innom forskjellige ark, men her ser De resultatet!



Denne høna driv ikkje gårdsbruk, eg trur ho må vera frittgåande. I allefall så er ho ei sosial dame, som likar å treffa andre.







Kortet til høne nr 2. Hadde eit ønskje om å få til tre kort, som var forskjellige, men med ein del likhetar. Her er ei høne som likar selskap:-)






Ei høne treng ein pause fra jobben, men det er ikkje så lett, det hjelper godt med ein kaffikopp;-)





Og slik vart innsida. Gjorde dei enkle med eit lite "portrettbilde" nede i hjørna. På motsatt side: Stempelet i eit hjørne av ditt hjerte er du alltid 20 år, derfor passa det også med eit utstansa hjarta i dekorpapir.

lørdag 26. september 2009

Kosetid med Tora!

Tora snart, 7 år, elskar å scrappa. Ho fargelegg og brukar vannpensel heilt sjølv. Ho er veldig glad i alt som glitrar! Einaste ho vil ha hjelp til er å klyppa ut motiva.
Her ser De resultatet etter nokre koselige timar. Ho var kjempefornøyd! Hadde med seg heim ein pose med div.scrappe ting som ho kunne bruka heima, så no er eg spent på om ho får gjort noko!

fredag 25. september 2009

Her er mitt resultat etter tante timane med Tora! Ikkje heilt dei fargane eg vanligvis brukar, men det var kjekt å gjera noko anna.


Litt 3D effekt.

Tid for Te

På jobben forsvann te'en min. Det var då eg kom på å laga ein særmerka te-boks. Og så er det fleire som vil ha. Denne laga eg for Laila, ho skulle gi den til Camilla på bursdagen! Håpar dei likte den begge to!

Dvale tid?

sånn, no var da gjort. ditta er grunnen til at eg ikkje har oppdatert bloggen på 2 mnd. Har rett og slett ikkje fått da til. Har brukt mykje tid på dette kortet, men da er og blir heilt elendig. Til og med hammaren er opp ned! Håpar på ein bedre haust no. Måtte berre få da ut av systemet!

slik vart det på innsida.