Viser innlegg med etiketten Julekort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Julekort. Vis alle innlegg

mandag 9. januar 2012

Nytt år nye sjansar!

Ser på bloggen og tenker, hjelp, kor vart alle julekorta av?? Kan ikkje skryta og sei det vart mange eg laga i 2011. Men nokre få vart det no. Dei aller fleste vart solgt. Før jul var det travelt i butikken, og overskuddet var ikkje det store, men nytt år nye muligheter! Håpar det vert eit år med mange nye innlegg i bloggen..... Her er eit av julekorta damene i klubben fekk. Fann desse skjønne sjokoladane på Nille, og berre måtte ha dei. Problema dukka opp då eg skulle ta dei i bruk - på korta :) Ark frå Inkido, og snøkrystallen er ei Spellbinders dies. God Jul stempelet er frå Kreativ Hobby, og eg har lagt eit lag med glossy accent over.
Her er alle fire korta, ikkje heilt like - måtte jo nytta arka maksimalt!

fredag 25. november 2011

To enkle julekort!

Her har eg brukt kongleark og stempel frå Inkido. Ser ut som om det blir grønn jul i år:) Stempla på baksida av eit bazzil ark, og fargelagt treet med Distress Ink og svamp.
Eit bestillingskort i ei travel tid. Tilda med juletre, stempla på akvarellpapir, og fargelagt med tusjar og vannpensel. God jul stempel fra Inkido, maskerte og stempla i to omgangar, for å få plass på ovalen, som er kutta med Spellbinders. Ark fra Inkido.

torsdag 17. desember 2009

Det er vel på tide å få dei sendt.......?

Heisann, snart jul, men eg har fått laga ein del kort likavel. Ei veka med intens
hoste, så det var ikkje så mykje anna eg kunne gjer. Så for PC'n på tur og kom igjen med kabel skade, så eg har ikkje fått lagt dei ut. Her er nokre. Dei fleste er fargelagt med distress.













tirsdag 20. oktober 2009

Engleglede

Julakort i litt andre fargar. Av ein eller anna grunn, så blir mine julakort
raude eller grønne.... På tide å prøva litt andre fargar. Tida vil jo visa om
eg får da til. Stempelet er farga med distress, stjernene brukte eg smoch på.
På laurdag reiser eg til Spania:-)




På innsida dekorerte eg med dette nydelige arket. Englar i duse fargar.
Dei er nydelige!

Glade mus

To som gler seg til jul. Farga med distress. Synest da er litt
vanskelig å laga kort med så store stempel.

søndag 18. oktober 2009

Jul i huset......eg e visst verre enn ungane!

Her er eit nytt julestempel, som eg berre måtte ha!
Såg det på ein blogg, og så var da berre å leita:-) .......
Synest det gjenspeglar litt av magien rundt jul!
Kjenner at eg gler meg, igjen.......





Eit enkelt julakort. Denne musa er berre heilt skjønn, men ho
er ikkje mi. Kunne godt tenkt meg ei......

onsdag 30. september 2009

Eit pop opp julakort

I desse dagar måtte da jo bli eit snømannkort når eg skulle
prøva ut denne teknikken. Var jo kjempelett! Og kjekt å laga.



Slik blir det når du dreg i tag'en, då reiser snømannen seg opp og er klar for elt som måtte skje...







Her er baksida.

Første julekort!

Synest dette kristtorn arket er så fint. Måtte laga noko enkelt som ikkje gøymer mønsteret, derfor vart det dette kortet med tag.



Og her ser du den enkle tag'en. Skjært ut med Cricut, den er så fin i enden synest eg.