Viser innlegg med etiketten Kort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kort. Vis alle innlegg

torsdag 7. januar 2010

Helsing frå barnehagen!

Ein bonde i nærmiljøet er så snill! Han lar oss få bruka skogen sin, og hjelper
villig til når noko skal fraktast inn. Og til jul fekk me eit fint juletre
som pryda utemiljøet vårt. Eg har laga eit kort som han skal få. Vart vinter
motiv siden me har så fine snørike dagar! Med barn, juletre og snømann, det er
jo det dagane har bestått av i det siste! Så får han kortet ilag med ein blom!

fredag 4. desember 2009

Kort til ei tanntekniker dame!

Her er resultatet av ei bestilling. Skulle laga kort til ei fantastisk, trivelig og
sprudlande dame. Men det måtte vera litt tenner, for ho hadde 20 års jubileum i tanntekniker faget. Dessverre, ingen av mine stempel viser tenner, men kva gjer ein for gode venner? Etter litt googling kom ideen. Kjekk utfordring å få;-) Takk Trude!

torsdag 25. juni 2009

Brettekort

Etter litt surfing på nettet, kom eg ein dag over eit brettekort, som eg berre måtte prøva. Synest det var kjekt å lage, kan nok tenka meg å prøva det i fleire versjonar. Den som ventar får sjå.....

Her er topppen og eine sida bretta ut.


Her er kortet heilt utbretta.

Inspirasjon i sommarvarmen:-)





Hobbyen med stor H kviler ikkje sjølv om da e varmt. Det er lurt å ta ein pause frå sola! I år har eg og forbud mot å sola meg, og kva er vel då betre enn å vera litt kreativ? Som du ser, er kvart kort i ein farge (kallast vel monokromatisk?). Stempelet er frå Art imp. Blomstermønsteret er embossa med Spellbinders Impressabilities, dei er så kjekke å jobba med! etterpå har eg brukt Stempelputa til å legga farge på. Berre drog den over mønsteret. Tekststempelet er eg ikkje sikker på kvar eg har kjøpt. Litt av blomstrane er farga med Glimmer mist, Latte. Då eg først var i gang, laga eg like godt fire kort, men i forskjellige fargar.