mandag 9. januar 2012

Avsluttar med resten av bilder frå fjoråret!

Eit bestillingskort til ei dame som elskar å fiska! Eg valgte lilla ark frå Heritage small florall serien/ fabscraps- elskar desse arka!
Så eit kort til min nevø, han har mange interesser! Fisking, gitarspeling, sjø og båtliv, litt mekking osb. Fargane var ikkje heilt korrekte på bildet. Skulle vore knall orange!
Så eit bestillingskort til ei flott dame som likar å reisa! Her har eg brukt ark frå fabscraps - timeles travel stamp serien. Kosar meg med desse arka!
Enno eit bestillingskort. Dette var til pappaen min, som fylte 70 år rett før jul! Bildet vart tatt i påska, på hytta. Han er avhengig av sine daglege køyreturar, så bilen måtte sjølvsagt vera med :)
Dette kortet laga eg til ein tidlegare arbeidskollega, me hadde det flott ilag. Ho er vanlegvis ei smilande dame, bildet er tatt på min 40 års dag, då eg arrangerte bad taste party ;)
Dåpskort til ei lita jente. Vart bestilt i julestria, og jammen var det godt å få setja seg ned og gjera noko anna!
Til slutt eit bestillingskort til eit gullbryllupspar! Brukte Spellbinders til å kutta ut hjartene med. Siden dei har halde ut så lenge med kvarandere - vart det eit hjartekort med hjartetag :) Papir er frå Inkido, Is this Love?
Då seier eg meg ferdig med 2011 og går over på 2012. Er visst ein del kort eg ikkje har rukke å dela med dykk, men det vert vel mange nye.... :)

1 kommentar:

  1. Masse fine kort du har laga!!! Flink du er :-)
    Må vel snart til med konf.kortene no... er vel ein del som skal konfirmera seg i år òg!!
    Komme innom ein dag,for å finna ark. For eg skal til med invitasjonane :-)

    Ha ein fin dag i gråvèret :-)
    Klem Mona :-)

    SvarSlett