torsdag 7. januar 2010

Helsing frå barnehagen!

Ein bonde i nærmiljøet er så snill! Han lar oss få bruka skogen sin, og hjelper
villig til når noko skal fraktast inn. Og til jul fekk me eit fint juletre
som pryda utemiljøet vårt. Eg har laga eit kort som han skal få. Vart vinter
motiv siden me har så fine snørike dagar! Med barn, juletre og snømann, det er
jo det dagane har bestått av i det siste! Så får han kortet ilag med ein blom!

Kort til to som fyller år 24.12 !

Fekk bestilling på kort til eit ektepar, som begge har fødselsdag 24.12.
Tok med begge namna og ein vårleg bukett + litt blings. Ingen stempel!!
Kjenner eg gler meg til våren!

Jubilantane står i kø!

Ei lita helsing til familiens golfspelar...... i desse kalde tider drøymer han seg nok til litt varmare banar i Spania..:)Det er der han bur mesteparten av året.
Hadde ingen passande stempel, så det blei litt googling. Synest dette bildet var kjempepassande til ein mann i sin beste alder. Og så ein bukett med blomster som og inneheld ei godfkølle med sløyfe på.

onsdag 6. januar 2010

Nok ein 70 årsdag!

Dette laga eg til tanta mi. Ho likar blomster og tekstar, så
denne gangen brukte eg ikkje oldis stempel. synest i grunnen
det er litt vanskelig å laga kort til eldre folk. Men eg har
jo fått litt trening, og fleire blir det nok.



Ramma som teksten er skriven på er trykt ut med dei uunværlige Spellbindersane.

onsdag 30. desember 2009

Siste kort i år?

Onkel Kasper fyller 75 år på nyttårsafta. Då passar det
bra å la favorittoldisen få gratulera han! Og sidan det er
slikt eit fantastisk flott vinterver, så brukte eg
litt vinterpapir og snøkrystallar.

Eit bestillingskort i romjula

Når tante ringer og lurar på om eg kan laga eit kort til dagen etter, må
eg jo svara ja, når jubilanten har slikt eit fint namn:)

torsdag 17. desember 2009

Det er vel på tide å få dei sendt.......?

Heisann, snart jul, men eg har fått laga ein del kort likavel. Ei veka med intens
hoste, så det var ikkje så mykje anna eg kunne gjer. Så for PC'n på tur og kom igjen med kabel skade, så eg har ikkje fått lagt dei ut. Her er nokre. Dei fleste er fargelagt med distress.