tirsdag 30. juni 2009

Oldiskort - igjen


Reiste sjølvsagt til campingen uten kortet til Vibeke, men da er jo ikkje nåko heft når scrappekofferten er med:). Så eit nytt oldiskort vart laga. Hennes yngste sønn var med på å velga fargane på "treningskleda". Han har peiling på kva ho likar.
Prøvde meg på eit Flip kort. Måtte bruka dei nye Penny Black stempla, som eg nettopp har invistert i. Har ønska meg slike lenge, men klarte ikkje å bestemma kva for sett eg skulle bestilla. Er kjempefornøyd med valget! Er ikkje så ofte eg velger slike fargar, men måtte ha nåko som var litt sommarsligt.

Under flippen! Synest piggsvinet er så skjønt!


Slik blei dette kortet på innsida. Ein enkel tekst, som er stempla og plass til å skriva sjølv.

Sommarhelsing!



Laga ei lita helsing til damene på avdelinga eg jobbar på. Dei er så utrulig kjekke får masse god hjelp og inspirasjon.Har brukt ein brun papirpose. Den var litt stor, så eg bretta slik at halvparten kom på innsida, så blei den litt sterkare. Laga alle fem ganske like, men med ei personleg helsing på baksida. Koste meg menst eg tenkte på mottakaren. Oppi putta eg ei lita gave: skål, chilinøtter og sjokolade.

torsdag 25. juni 2009

Brettekort

Etter litt surfing på nettet, kom eg ein dag over eit brettekort, som eg berre måtte prøva. Synest det var kjekt å lage, kan nok tenka meg å prøva det i fleire versjonar. Den som ventar får sjå.....

Her er topppen og eine sida bretta ut.


Her er kortet heilt utbretta.

Inspirasjon i sommarvarmen:-)





Hobbyen med stor H kviler ikkje sjølv om da e varmt. Det er lurt å ta ein pause frå sola! I år har eg og forbud mot å sola meg, og kva er vel då betre enn å vera litt kreativ? Som du ser, er kvart kort i ein farge (kallast vel monokromatisk?). Stempelet er frå Art imp. Blomstermønsteret er embossa med Spellbinders Impressabilities, dei er så kjekke å jobba med! etterpå har eg brukt Stempelputa til å legga farge på. Berre drog den over mønsteret. Tekststempelet er eg ikkje sikker på kvar eg har kjøpt. Litt av blomstrane er farga med Glimmer mist, Latte. Då eg først var i gang, laga eg like godt fire kort, men i forskjellige fargar.

mandag 15. juni 2009

Svigerinna mi fylte år 10. juni


Vibeke hadde dag, og eg fekk så lyst å bruka dette nye stempelet fra Art Imp., men så hadde ho ikkje tid til å feira enno, så det blir vel kansje eit nytt kort innen den tid? Gratulera med overstått Vibeke! Du nærmar deg vel 50? Passar vel med Oldis humor då?

Gutekort - igjen


Her er eit kort som eg fann inspirasjon til i "Eit trykk". Guten har eg lånt hos Audhild; takk til deg:-), me må snart treffast i Kjellaren. Nye varer kjem i måro! Hadde jo ikkje tenkt å handla før til hausten, men da e so lenge t!