Viser innlegg med etiketten Boksar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Boksar. Vis alle innlegg

onsdag 4. november 2009

To nye The-boksar, bestilling

Fekk bestilling på to the-boksar. To kollegaer som skal få ei overrasking. Koselig å
få sånne ordrar. Kjekt å laga, og mens eg held på, så tenker på personen som skal få gåva. Prøver å finna fargar som fell i smak hos den enkelte. Denne er til ei som eg eigentlig ikkje kjenner så godt. Men ho er alltid smilande og blid, tenkte eg fekk prøva med lyse fargar.









Denne er til ei sporty dame som likar fargar! Og så går det mykje i KTM, så då
måtte det bli litt oransje! På loket har eg skjært ut namna deira, så det ikkje er
tvil om kven som er den drikkande part!




onsdag 21. oktober 2009

Svogeren min feirer 50!

Her ser du loket på boksen. Han har ønska seg ein explosjonsboks sida han såg den for eit og eit halvt år sida. Så no måtte eg jo laga den, litt ekstra stas må man jo gjera på ein gammal mann.




Sånn blei det inni. På ene sida laga eg feste for ein liten gave.




Sitt fra sida, ikkje så lett å få retta inntrykket kansje.




Ingen tvil om alderen.




Svigerinno mi ringte og spurte om eg kunne laga eit kort til broremann, kjekt
når nåken viser at dei likar det eg lagar! Slik vart resultatet. Han er jo i overgangsalderen, så han har sjølvsagt kjøpt seg motorsykkel:-)




fredag 25. september 2009

Tid for Te

På jobben forsvann te'en min. Det var då eg kom på å laga ein særmerka te-boks. Og så er det fleire som vil ha. Denne laga eg for Laila, ho skulle gi den til Camilla på bursdagen! Håpar dei likte den begge to!

tirsdag 30. juni 2009

Sommarhelsing!



Laga ei lita helsing til damene på avdelinga eg jobbar på. Dei er så utrulig kjekke får masse god hjelp og inspirasjon.Har brukt ein brun papirpose. Den var litt stor, så eg bretta slik at halvparten kom på innsida, så blei den litt sterkare. Laga alle fem ganske like, men med ei personleg helsing på baksida. Koste meg menst eg tenkte på mottakaren. Oppi putta eg ei lita gave: skål, chilinøtter og sjokolade.

onsdag 13. mai 2009

"Hemmelig" venn?

Her ser du oppå lokket. Synest Sauer er ålraite dyr eg!

På jobben i Barnehagen kosar eg meg. Flotte vener som strekker seg langt. Då er det kjekt å overasska innimellom. Denne gangen var det min venn Monica sin tur. Ho er Chips o hoilikar:-). Kledde ein Pringels boks med Bazzil arl og pynta med Sauer, som eg kutta ut med Wizzard'en. Litt blomster vart det og plass til på enga. Kjekt å gleda andre.