søndag 27. september 2009

Ein kreativ dag!

Her er resultatet av laurdagens jobbing. Me var tre stk som koste oss i bedehuset. Det er ein god plass for inspirasjon! Jentene mine var også innom, så det tok litt tid før eg kom ordentlig i gang.
Me skal i selskap til tre damer som blir 120 år, og målet for denne dagen var å få laga kort til dei. Alle tre bur på gård, så eg synest det passa bra med høner:-) Var litt usikker på fargevalg, starta med grønn, var innom forskjellige ark, men her ser De resultatet!



Denne høna driv ikkje gårdsbruk, eg trur ho må vera frittgåande. I allefall så er ho ei sosial dame, som likar å treffa andre.







Kortet til høne nr 2. Hadde eit ønskje om å få til tre kort, som var forskjellige, men med ein del likhetar. Her er ei høne som likar selskap:-)






Ei høne treng ein pause fra jobben, men det er ikkje så lett, det hjelper godt med ein kaffikopp;-)





Og slik vart innsida. Gjorde dei enkle med eit lite "portrettbilde" nede i hjørna. På motsatt side: Stempelet i eit hjørne av ditt hjerte er du alltid 20 år, derfor passa det også med eit utstansa hjarta i dekorpapir.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar