fredag 21. oktober 2011

Kort til ei som vart 40!

Var inspirert etter å ha surfa innom forskjellige bloggar. Fann ut at spellbindersdiesene mine var litt små, så scallop og rundingar er skore ut med Cricut. Dei skjønne arka er fra Inkido "Is this love?". Har gleda meg til å ta dei i bruk, men det har vore litt travelt i det siste. Arka er dobbeltsidige - så eg har brukt to forskjellige.
Inni hadde eg laga ein rund "tag" der eg stempla med stempel frå Kreativ Hobby, på baksida var det litt plass til ei helsing. Sommarfuglen er ein MS punch.
Brukte Ilet til å festa ei hempe på tag'en.
Det var to jubilantar, mi veninne og hennar mann. Eg hadde sydd ein tunika til ho, og så vart det ei flaske vin til han. Laga ein matchande tag, som eg festa rundt halsen på vinflaska. (tredde eit bånd gjennom hempa)-
Trur stempelet Vintekst er frå Kreativ Hobby, men eg er ikkje sikker. Litt pynt måtte til på vinTagen og.

søndag 2. oktober 2011

2 x 90

Fekk inn bestilling på to kort til to 90 åringar. Det eine skulle vera orange fargar. Brukte englar frå Inkido utklippsark. Håpar det fell i smak. Blondekanten vart laga med X-cut punch, ein av favorittane for tida! Blomster og perler høyrer jo med til ein slik anledning. Det var og ynskjeleg at namna var på korta, og då får dei det som dei ynskjer:-)
Her har eg brukt X-cut punch. Likar dei veldig godt, då det ikkje er poiblem med å kutta i bazzil ark. Bildet er eit kllippeark frå Inkido. Litt blonder og perler gjer susen!

fredag 30. september 2011

Nye ark til butikken - alltid spanande! Sjå og kjenna!

Lite med tid til scrapping-veke, og så kom det så mange hærlige ark i butikken! Måtte berre setja meg ned ein liten time...... Engelen hadde eg liggande, printa frå nettet. Litt blonde og ein tag (brukte die fra Magnolia), med sløyfe og knapp, og vips så var det ferdig. Liknar ikkje heilt på dei korta eg vanligvis lagar. Kjekt med forandring.
Og slik vart innsida!

Jubilant

Bestillingskort til ein 50 åring, som likar fiske. Hadde ingen stempel som passa, då vart nettet løysinga - igjen! Printa ut på akvarellark, og fargelagt med distress ink. Pynta med blomster, frimerke og eit garn :-) Glitter og stas måtte og med!

Siste konfirmantkort i år?

Også dette var eit bestillingskort til konfirmant. Ønsket om lilla farge vart følgt. Bilete fann eg på nettet. Greit å få bestemma størrelsen sjølv. Pynta med blomster og litt perler. Navnet vart det og plass til.

Konfirmant!

Eit bestillingskort, til konfirmant som interesserar seg i, ja som du ser sykling og politikk. Kjekt med litt utfordring. Passa jo fint med dette arket som har den flotte sykkelen, glittersvirlar og diverse påtrykt!

torsdag 8. september 2011

Sjerpingsdag i dag!

Endelig tid til å setja seg ned for å oppdatera bloggen. Får håpa eg klarar å bli litt flinkare, no når hausten slår til for fullt, med mørkare kveldar og regn, lys på bordet og noko varmt i kruset :o)