Viser innlegg med etiketten Konfirmasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Konfirmasjon. Vis alle innlegg

fredag 30. september 2011

Siste konfirmantkort i år?

Også dette var eit bestillingskort til konfirmant. Ønsket om lilla farge vart følgt. Bilete fann eg på nettet. Greit å få bestemma størrelsen sjølv. Pynta med blomster og litt perler. Navnet vart det og plass til.

torsdag 8. september 2011

Konfirmasjonstid - igjen....!

Eit lite restekort, som eg burde laga mange fleire av!
Bestillingskort til ei jente med navnet Julie. Bilde er henta frå nettet. Pynt med blomster og sommarfuglar, etter ynskje frå ho som skulle ha det.
Skulle eigentlig vera eit bestillingskort, men så syntest eg jenta kansje ikkje heilt passa? Arket, med jentetrykk er eit tosidig ladybug ark. Har også her brukt punch til å laga blonde med. Blomsterborda er frå ein bytur.
Bestillingskort til konfirmant. Merkar at det er ein del som konfirmerar seg på hausten. Stempelet er eg ikkje sikker på kor kjem frå, men er muligens eit frå ladybug? Stempla og embossa med lilla. Blomsterborda er metervare. Og papirborda er ein punch, som eg brukar mykje!
Konfirmantkort med vintagebilde fra nettet. Borda er spellbinders, ein av diesene eg ikkje har brukt særleg mykje :)

mandag 23. mai 2011

Konfirmasjon, konfirmasjon, konfirmasjon......



Eit forholdsvis nytt ark fra butikken. Synest det var litt småsøtt - perfekt til eit lite enkelt kort. Brukte eit vaintagebilde som eg lasta ned fra nettet. Og så måtte det jo pyntast med litt roser..... Til Konfirmansten er stempel fra eit av konfirmantbretta til Storyteller.








Synest det er vanskelig med desse gutakorto! Har ein gut på 14, som er sensor!
Han likar ikkje glitter, stas, eller blomar. Då er det ikkje for karar :-)
Her er ei løysing som vart godteke, kansje fordi han er litt svar for orange?
Tannhulet er kutta ut med ei Sissix diese, og pynten i midten av gutablomen er
eit tannhjul fra Tim Holts. Til Konfirmanten er henta fra Storyteller, konfirmantplate.

torsdag 5. mai 2011

Kort til gut!



Vanskeleg med kort til gutar - då utan blomar!! Vart kansje for mykje blå
farge på dette her. Må jammen litt meir trening til her:-))

Rosa!





Får laga så alt for lite konfirmasjonskort. Kan jo ikkje sitja inne time etter
time når me har så nydeligt ver! Her er eit par i ja, me kan vel kansje kalla
det typisk jentestil?

Stort format!



Fekk i oppgåve å laga eit stort konfirmasjonskort. Konfirmanten skulle ha det
med seg på skulen, der alle i klassen skulle skriva ei helsing. Kjekt med utfordring,
måtte rett og slett setja meg ned og tenkja løysingar:-)
Kortet er no i Oslo, og jenta var heldigvis fornøyd med resultatet :-))

søndag 1. mai 2011



Denne ideen fann eg på ein blogg, men eg kan ikkje hugs kor....
Det var eit enkelt kort å laga, med plass til sedlar i flippen mellom sidene :-)
Brukte magebelte som lukking av kortet.

søndag 20. mars 2011

I gang med årets konfirmasjonskort!

Ein tur på scrapperommet sist søndag resulterte i 4 konfirmantkort.
Brukte samme arka på alle 4. Og tekststempel.



Tekststempela er fra platene til Storyteller.



Min sønn meinar at kort med blomar ikkje kan brukast til gutar. Eg er
vel ikkje heilt einig med han, så eg måtte putta på litt blomster på
dette eine kortet.



Dette er eit staffelikort. Synest dei er såå kjekke å laga.



Då får me håpa at årets konfirmantgutar er musikalske :-)

torsdag 24. juni 2010

På tide med Konfirmasjon???

Har vore litt slapp med å legga inn nytt. Har liksom ikkje heilt prioritert.
Fått litt kommentarar, så her er eit knippe med konfirmasjonskort;

Eit skuffekort, synest dei er så kjekke å laga!






Her er det bretta litt annasleis. Klaffen går litt over, slit at det blir lukking.









Dette rosepapiret er eit av yndlingspapira mine.
Passar både konfirmasjon og bryllup.






Litt skarpe fargar? Dette er fargar eg er glad i. Og dei falt i smak.
Vart raskt solgt :-)












Og så ei rad med gutakort. Kunne no tenkt meg litt blomster ja.
Men så likar visst ikkje gutane så godt blomar??












Og så til slutt, nåken jenter. Fargane lyg litt. Får skjerpa inn fotografen!






søndag 5. april 2009

Fleire konfirmasjonskort



Z-kort til Konfirmant i to forskjellige fargar. Samme utforminga inni. Har heilt fått dilla på desse Z-korta. Dei er så kjekke å laga. Mønsterark frå Nille

Tid for Konfirmasjonskort



Her er eit utvalg konfirmantkort laga som seddelbok. Inni er det to lommer, til tag eller seddel. Lukkeflippen hen igjen med borrelås.