fredag 30. september 2011

Nye ark til butikken - alltid spanande! Sjå og kjenna!

Lite med tid til scrapping-veke, og så kom det så mange hærlige ark i butikken! Måtte berre setja meg ned ein liten time...... Engelen hadde eg liggande, printa frå nettet. Litt blonde og ein tag (brukte die fra Magnolia), med sløyfe og knapp, og vips så var det ferdig. Liknar ikkje heilt på dei korta eg vanligvis lagar. Kjekt med forandring.
Og slik vart innsida!

Jubilant

Bestillingskort til ein 50 åring, som likar fiske. Hadde ingen stempel som passa, då vart nettet løysinga - igjen! Printa ut på akvarellark, og fargelagt med distress ink. Pynta med blomster, frimerke og eit garn :-) Glitter og stas måtte og med!

Siste konfirmantkort i år?

Også dette var eit bestillingskort til konfirmant. Ønsket om lilla farge vart følgt. Bilete fann eg på nettet. Greit å få bestemma størrelsen sjølv. Pynta med blomster og litt perler. Navnet vart det og plass til.

Konfirmant!

Eit bestillingskort, til konfirmant som interesserar seg i, ja som du ser sykling og politikk. Kjekt med litt utfordring. Passa jo fint med dette arket som har den flotte sykkelen, glittersvirlar og diverse påtrykt!

torsdag 8. september 2011

Sjerpingsdag i dag!

Endelig tid til å setja seg ned for å oppdatera bloggen. Får håpa eg klarar å bli litt flinkare, no når hausten slår til for fullt, med mørkare kveldar og regn, lys på bordet og noko varmt i kruset :o)

Enno fleire bryllupskort!

Eit av dei enkle bryllupskorta, som eg likar å laga. Måtte bruka turtelduearket, synest det passar så godt til anledningen! Bildet er henta på nettet. Sjølvhjartene er stempla og embossa, og så fann eg nokre perlehjarter i sakene, som og fekk plass. Raude roser! Perler! Sommarfuglar! Bryllup!
Eit bryllupskort i uvanleg farge? Kansje til papirbryllup, hi hi. Stempelet er stempla og embossa på naturfarga ark. Deretter reiv eg papiret rundt motivet. Blonden er metervare, og hjarta er punch frå Martha Stuart. Litt roser høyrer også med til bryllup!

Eg kan vel sei, eg likar brunt!

Staffelikort med eit av yndlingsstempela mine. Som eg ikkje veit kor kjem frå......muligens eit ladybug? Iallefall så synest eg det kan tolkast på forskjellige måtar..... berre prøv:) Hengelås og nøkkel, frå sissiks diese, embossa med embossingpulver i vintage photo, frå Tim Holts, ein ide frå Mona, takk skal du ha! Kunne muligens fargelagt dei før eg embossa? Det blir prøvt neste gang!
Synest det var så mortsomt med litt fornying av staffelikortet. Fekk litt meir liv. Men eg kan vel sei da, måtte scora to gonger før eg fekk diagonalen rett veg.
Og så må det jo vera ein plass for helsing. Det er vel det som er meininga med kort? :)