søndag 20. mars 2011

I gang med årets konfirmasjonskort!

Ein tur på scrapperommet sist søndag resulterte i 4 konfirmantkort.
Brukte samme arka på alle 4. Og tekststempel.



Tekststempela er fra platene til Storyteller.



Min sønn meinar at kort med blomar ikkje kan brukast til gutar. Eg er
vel ikkje heilt einig med han, så eg måtte putta på litt blomster på
dette eine kortet.



Dette er eit staffelikort. Synest dei er såå kjekke å laga.



Då får me håpa at årets konfirmantgutar er musikalske :-)

torsdag 17. februar 2011

Morsdagskort til mammo mi!



Staffelikort i litt andre fargar enn eg vanligvis brukar. Kjekt med noko nytt. Stempel fra Magnolia og diese fra Martha Stuart og blondekant fra Magnolia. Bak panelet hadde eg laga plass til eit
flax lodd - men ho vart ikkje rik ;-(

onsdag 16. februar 2011

Morsdagskort til svigermor!



Då min kjære brått fann ut at han måtte besøka mammo si på morsdagen, heiv
eg meg rundt og laga eit kort til ho. Brukte eit bilete eg har fått frå Jane.
Svigermor måtte sjølvsagt få eit kort i yndlingsfargane sine. Staffelikorta er
så kjekke å laga og så greie å stilla ut :-)

søndag 13. februar 2011

Nytt stempel!



Fekk eit nytt stempel til Jul, og no var det på tide å bruka det. Følgde fargevalga som viste på treklossen. Og her er resutlatet. Litt andre fargar enn eg ellers ville valgt. Bakgrunnen har eg laga med bobleplast og distressink.

40 år og flott som trollet!



Ei flotte dama - må jo ha eit spesielt kort! Fann eit bilete frå utdrikkings-
laget. Det byrjar å bli nokre år sidan...

torsdag 24. juni 2010

På tide med Konfirmasjon???

Har vore litt slapp med å legga inn nytt. Har liksom ikkje heilt prioritert.
Fått litt kommentarar, så her er eit knippe med konfirmasjonskort;

Eit skuffekort, synest dei er så kjekke å laga!






Her er det bretta litt annasleis. Klaffen går litt over, slit at det blir lukking.









Dette rosepapiret er eit av yndlingspapira mine.
Passar både konfirmasjon og bryllup.






Litt skarpe fargar? Dette er fargar eg er glad i. Og dei falt i smak.
Vart raskt solgt :-)












Og så ei rad med gutakort. Kunne no tenkt meg litt blomster ja.
Men så likar visst ikkje gutane så godt blomar??












Og så til slutt, nåken jenter. Fargane lyg litt. Får skjerpa inn fotografen!






lørdag 6. mars 2010

Onkel fyller 75 år!

Mamma ynskte seg eit kort til bror sin, som no blir 75!
I fotoalbumet hennar fann eg eit bilete som er teke for ein del år sidan, synest
det var koselig å bruka det!



Og slik vart innsida. Litt bilder her og:-)Synd eg gløymde å beskjæra bileta. Men no
giddar eg ikkje å gjera det om i gjen.