mandag 23. mai 2011

Bestillingskort til Konfirmant!

Hadde laga ein eksplosjonsboks til denne konfirmanten. Den skulle fungera som ein
tale. Med bileter og historiar frå oppveksten. Rosa pynt og sølvhjerter, var fargar konfirmanten hadde valgt. Så når kortet skulle lagast, valgte eg å følgja litt av same sjangeren som boksen og pynten ellers.















Laga kortet i 5" X 5". Då passar det å laga brettekant på 5" i kvar ende, og så brettar eg midten og lagar hol til pengegåva!










**************************************************



Givaren likte utforminga som eg har brukt på gåvekorta i butikken. Konfirmanten
likar lilla, så var det å ta seg ut. Kan vel sei at framsida ikkje heilt var for ein gut - ifølge sensoren, så eg laga eit nytt med motorsykkel på :), men eg gløymde å ta bilde! Lomma nederst er for ein tag og pengegåva!


Konfirmasjon, konfirmasjon, konfirmasjon......



Eit forholdsvis nytt ark fra butikken. Synest det var litt småsøtt - perfekt til eit lite enkelt kort. Brukte eit vaintagebilde som eg lasta ned fra nettet. Og så måtte det jo pyntast med litt roser..... Til Konfirmansten er stempel fra eit av konfirmantbretta til Storyteller.








Synest det er vanskelig med desse gutakorto! Har ein gut på 14, som er sensor!
Han likar ikkje glitter, stas, eller blomar. Då er det ikkje for karar :-)
Her er ei løysing som vart godteke, kansje fordi han er litt svar for orange?
Tannhulet er kutta ut med ei Sissix diese, og pynten i midten av gutablomen er
eit tannhjul fra Tim Holts. Til Konfirmanten er henta fra Storyteller, konfirmantplate.

torsdag 5. mai 2011

Kort til gut!



Vanskeleg med kort til gutar - då utan blomar!! Vart kansje for mykje blå
farge på dette her. Må jammen litt meir trening til her:-))

Rosa!





Får laga så alt for lite konfirmasjonskort. Kan jo ikkje sitja inne time etter
time når me har så nydeligt ver! Her er eit par i ja, me kan vel kansje kalla
det typisk jentestil?

Stort format!



Fekk i oppgåve å laga eit stort konfirmasjonskort. Konfirmanten skulle ha det
med seg på skulen, der alle i klassen skulle skriva ei helsing. Kjekt med utfordring,
måtte rett og slett setja meg ned og tenkja løysingar:-)
Kortet er no i Oslo, og jenta var heldigvis fornøyd med resultatet :-))

søndag 1. mai 2011

Restekort!

Tavla vart kjøpt i haust, premie etter legebesøk :-))



Den har stått lenge, men endelig er den komen opp på kjøkkenet. Brukte ei
ledig stund til å laga små restekort, veldig enkle. Greit å ha på lager.


Denne ideen fann eg på ein blogg, men eg kan ikkje hugs kor....
Det var eit enkelt kort å laga, med plass til sedlar i flippen mellom sidene :-)
Brukte magebelte som lukking av kortet.