Staffelikort i litt andre fargar enn eg vanligvis brukar. Kjekt med noko nytt. Stempel fra Magnolia og diese fra Martha Stuart og blondekant fra Magnolia. Bak panelet hadde eg laga plass til eit flax lodd - men ho vart ikkje rik ;-(
Då min kjære brått fann ut at han måtte besøka mammo si på morsdagen, heiv eg meg rundt og laga eit kort til ho. Brukte eit bilete eg har fått frå Jane. Svigermor måtte sjølvsagt få eit kort i yndlingsfargane sine. Staffelikorta er så kjekke å laga og så greie å stilla ut :-)
Fekk eit nytt stempel til Jul, og no var det på tide å bruka det. Følgde fargevalga som viste på treklossen. Og her er resutlatet. Litt andre fargar enn eg ellers ville valgt. Bakgrunnen har eg laga med bobleplast og distressink.
Mamma ynskte seg eit kort til bror sin, som no blir 75! I fotoalbumet hennar fann eg eit bilete som er teke for ein del år sidan, synest det var koselig å bruka det!
Og slik vart innsida. Litt bilder her og:-)Synd eg gløymde å beskjæra bileta. Men no giddar eg ikkje å gjera det om i gjen.
Me har hatt ein fantastisk fine vinter, som gjerne må vara litt lenger, så går me rett over til ein fin vår, og hoppar over alt regnet.... Gler meg litt til våren, og synest at då var det kjekt med eit påskekort. Stempelet kjøpte eg på treffet.
Dette kattestempelet fann eg i stempelboksen min, ferdig fargelagt. Supert når du er litt lei av fargelegging. Så var det jo eit stort pluss at fargane passa til dei nye papira eg hadde kjøpt meg.
Her begynte eg med fargane på kortet, og så blei det ei utfordring med å finna eit stempel som passa til. Synest det passa bra med giraffen, som eg fekk låna av Hege! Som du ser av fargane, (distress) så lever denne giraffen under ekstreme solforhold, derfor har den så klare sterke fargar:-))