søndag 13. februar 2011

40 år og flott som trollet!



Ei flotte dama - må jo ha eit spesielt kort! Fann eit bilete frå utdrikkings-
laget. Det byrjar å bli nokre år sidan...

torsdag 24. juni 2010

På tide med Konfirmasjon???

Har vore litt slapp med å legga inn nytt. Har liksom ikkje heilt prioritert.
Fått litt kommentarar, så her er eit knippe med konfirmasjonskort;

Eit skuffekort, synest dei er så kjekke å laga!






Her er det bretta litt annasleis. Klaffen går litt over, slit at det blir lukking.









Dette rosepapiret er eit av yndlingspapira mine.
Passar både konfirmasjon og bryllup.






Litt skarpe fargar? Dette er fargar eg er glad i. Og dei falt i smak.
Vart raskt solgt :-)












Og så ei rad med gutakort. Kunne no tenkt meg litt blomster ja.
Men så likar visst ikkje gutane så godt blomar??












Og så til slutt, nåken jenter. Fargane lyg litt. Får skjerpa inn fotografen!






lørdag 6. mars 2010

Onkel fyller 75 år!

Mamma ynskte seg eit kort til bror sin, som no blir 75!
I fotoalbumet hennar fann eg eit bilete som er teke for ein del år sidan, synest
det var koselig å bruka det!



Og slik vart innsida. Litt bilder her og:-)Synd eg gløymde å beskjæra bileta. Men no
giddar eg ikkje å gjera det om i gjen.

onsdag 3. mars 2010

Tre kort som eg laga på treffet!


Me har hatt ein fantastisk fine vinter, som gjerne må vara litt lenger, så går me rett over til ein fin vår, og hoppar over alt regnet.... Gler meg litt til våren, og synest at då var det kjekt med eit påskekort. Stempelet kjøpte eg på treffet.



Dette kattestempelet fann eg i stempelboksen min, ferdig fargelagt. Supert når du er litt lei av fargelegging. Så var det jo eit stort pluss at fargane passa til dei nye papira eg hadde kjøpt meg.




Her begynte eg med fargane på kortet, og så blei det ei utfordring med å finna eit stempel som passa til. Synest det passa bra med giraffen, som eg fekk låna av Hege!
Som du ser av fargane, (distress) så lever denne giraffen under ekstreme solforhold, derfor har den så klare sterke fargar:-))

onsdag 17. februar 2010

Samlingshelg på Bømlo!

fredag ettermiddag samla me oss i gymsalen på Foldrøy skule. Endeleg, dette hadde eg sett fram til siden i fjor. Fri flyt av papir og alt som høyrer med:) Hadde store forventningar: skulle laga minst 5 kort:))



Men humøret var heller labert utpå kvelden, fekk det ikkje heilt til. Klarte berre dette kortet, etter mykje fram og tilbake.



Korleis det gjekk må eg fortelja om seinare. synest det tar mykje tid å då lagt innpå ting, det må då gå an å få gjort ting litt raskare og enklare?

Dette vart laga ein dag eg trong litt fargar!

"Fann" eit stempel i samlinga mi, som eg ikkje hadde brukt før.Ikkje så lett å halda oversikten. Akkurat no føler eg behov for noko nytttttt!!!

Onkel Torleif

Her kjem endeleg helsinga til onkel. Han likar å lesa aviser med store bokstavar:)
Ein ordentlig morgonfugel!