torsdag 8. september 2011

Dåpskort til Kajsa!

4 mai i år vart eg grandtante! Og mine foreldre vart sjølvsagt oldisar! Dei vart bedne i barnedåp til vesle skjønne Kajsa! Så då måtte det lagast eit sjikkelig jentekort. Har lenge hatt lyst til å laga eit slikt kjolekort, så no var sjansen der! Brukte eit dobbeltisdig ark, og mønster fann eg på nettet (måtte fiksa og forstørra, men der hjalp minstemann til). Kragen og lommene på kjolen laga eg med spellbinders. Smykke og sløyfer blei pynten på kjolen.
Innsida, med tekst og helsing frå Oldemor og Oldefar.

Takkegåve til gode arbeidskollegaer!

Eldstejenta, Randi, hadde sommarjobb på heimabaserte tjenestar. Ho trivdes veldig godt, og hadde lyst å laga ei takkegåve for hyggelege arbeidskollegaer. Løysinga vart ein tidlegare pepperkakeboks, i "sølv". Den dekortete ho/eg, og så fylte me den med twist.
Her ser du loket. Sommarpynta med sommarfuglar, blomar og ei helsing frå givar.
Bryllupskort i enkel stil. Litt blomster og perler, hjarter i sølv høyrer også med. Ei lita bord, som er i metervare. Sommarfuglen er ein Martha Stuart punch.
Innsida, med ein liten tag, som eg har stempla ein høvande tekst på. Her er det og plass til ei pengegåve! Til høgre er det, som alltid, plass for givaren å skriva ei helsing.
Har stansa ut to hjarter i forskjellig størrelse. Det ytterste la eg dobbelt, for å laga ein opne funksjon. spellbindersen tåler godt at du brukar dobble ark! Her er mange mulighetar!
Hjarta går an å opna, og der har eg stempla ei bryllupshelsing.
Innsida, med plass til ei lita helsing.

Har ikkje sovna, er ikkje venn med PC'n !

Eit enkelt velkommen til verden kort. Synest arket er så fint i seg sjølv, så eg ville ikkje ha for mykje pynt og stæsj på det. Bildet har eg funne på nettet.
Og så laga eg eit restekort etterpå. Tenk om eg kunne vore så flink, at eg laga minst eit restekort for kvart kort eg laga. Då hadde da nok vore litt mindre haug på restekorga mi :o)

fredag 22. juli 2011

Romantikk i lufta

Dette bryllupskortet fekk eg ideen til etter å ha bladd i Ett trykk.
Borda på den raude ramma har eg laga ved help av ein punchar, ikkje så lett
å få hjørna fine.



Brukte eit gammalt stemel som eg embossa. Perlene var frå ein rull eg har kjøpt på Nille.














Innsida gjorde eg enkel. Brukte samme ark som på framsida.Hertene er puncha ut. Og ja, eg burde snudd bildet. :)

onsdag 20. juli 2011

Perfekt scrappesommar :)

Eg har ikkje tatt heilt ferie, men da har visst PC'n min :(
Ikkje kan eg styra pilo med fingrane og ikkje virkar tastaturet!
Så no må eg bruka ekstern pil og skjermtastatur, veldig tidkrevande
og tungvint! Men eg skal gjer eit forsøk :)



Det er sesong for bryllup, så det er stort sett bryllupskort eg har laga. Bilde har eg
funne på nettet og printa ut på 170 gr. ark. Rundt den lilla kanten har eg brukt border punch, var heldig med hjørnene.