onsdag 9. november 2011

På tide med litt juleforberedelse!

Veldig kjekk å laga, enkle venninne gaver. Eg brukte ein konvolutt som godtepose. Og åpningen/tapen lot eg vera nede, slik at det går an å få ut innholdet uten å øydelegga gåva. Kan jo ikkje legga ned masse arbeid, og så risikera at det vert destruert med ein gong!
Det skjønne stempelet er Magnolia, stempla på akvarellark og fargelagt med vannpennsel og tusjar. Ark fra Inkido, snøkrystall er Spellbinders. Blonde borda er ein xcut punch. Likar den veldig godt, så den får vera med på diverse prosjekt :-).
Tekststempelet er frå ei plate, men eg er litt usikker på kva produsent. Har ein tendens til å gløyma slikt. Muligens frå North Star? Stempla på riven oval frå Spellbinders-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar