onsdag 13. mai 2009

Kine 16 år



Det er ikkje alltid ongane mine kjem på at dei skulle hatt med seg eit kort når dei skal i bursdag. Og veldig ofte er det eg som blir sitjande å laga dei. Kan vel sei at det ikkje gjer så veldig mykje om eg må leggja til side alt anna for å laga ei helsing til jubilanten. For tida er det jo Z-kort eg har laga. Dette er pynta med eit Hënglar stempel. Litt blomster må jo også til. På Nille har eg handla rullar med 2 lag bånd og eit lag med pynt. desse deler eg opp og brukar på korta, som her. ei sløyfe, litt perler og ein sommarfugl. På innsida av kortet har eg laga ein hyssing som pengeseddelen kan festast i. Og vips, Gratulerar med dagen Kine!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar